Status for
rehabiliteringsprosjektet
Pr. 11.
februar 2016
Fasaden er
no ferdig isolert, og tre av fire veggar har fått grovpuss. Balkongar er
ferdigstøypte, men rekkverk og overflatearbeid står att. Det betyr at arbeidet
følgjer revidert framdrifstplan.
Arbeidet med
å skifte ut vindauge og balkongdører er snart ferdig. Nokre
leiligheiter i første etasje som skal ha tryggleiksvindauge, må vente litt.
Styret arbeider med å finn ei løysing på utlufting i
leiligheitene medan arbeidet med grov- og finpuss skjer.
Vi minner om at alle fyller ut tilbakemeldingskjemaet
til S-Bygg og leverer det i postkassa til styret eller direkte til S-Bygg.
Vi har fått ei fargeprøve på sluttfargen på fasaden.
På orienteringsmøtet i haust informerte vi om at fargen vil vere litt lysare enn
den førre, dvs. han vil helle meir mot terrakottafarge. Det skuldast at den
mørke varianten vi hadde før, absorberer mykje lys og difor har kortare
levetid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar